Vått og vindfullt Romjulsløp
Postet av Lindås IL den 29. Des 2019
I ufyseleg vestlandsver gjekk 16-årige Kristoffer Færø til topps i årets Romjulsløp, følgd av Lindås IL sin eigen Torbjørn Kyed Thorson og veteranen Bjørnar Eidsheim. Kvinneklassen vart vunnen av Marion Natås føre Vanja Lauvås og Maya Tresvik.
Surt romjulsver med regn og vind frå sørvest la ingen dempar på innsatsviljen til dei 44 godt kledde deltakarane som stilte til start - nesten halvparten i klassen med tidtaking og resten utan tidtaking. Den trandisjonelle 3.5 km lange løypa har start og mål ved Lindåshallen, tek ei runde i nederste delen av Kolåsfeltet, vidare til Aldersheimen og ei lita runde i Krossleitet, før ho returnerer til Lindåshallen.
tre beste i dameklassen, frå venstre Vanja Lauvås, Marion Natås og Maya Tresvik.
tre beste i herreklassen, frå venstre Torbjørn Kyed Thorson, Kristoffer Færø og Bjørnar Eidsheim.
trufaste trimmarar med tallause romjulsløp og trimkarusellar bak seg, frå venstre Aud Sørli, Aslaug Sundsbø, Bernhard Sørli og Gudveig Skjerve.
Resultat
Kvinner
1 | Marion Natås | 18,19 |
2 | Vanja Lauvås | 20,54 |
3 | Maya Tresvik | 22,03 |
4 | Frida Lauvås | 23,29 |
5 | Melina Lauvås | 24,39 |
6 | Catharina Lauvås | 24,40 |
7 | Siri Natås | 25,13 |
Menn
1 | Kristoffer Færø | 12,55 |
2 | Thorbjørn Kyed Thorson | 13,12 |
3 | Bjørnar Eidsheim | 13,47 |
4 | Vegard Steine | 14,34 |
5 | Helge Færø | 14,42 |
6 | Frode Røsland | 17,05 |
7 | Marius Thorsen | 18,33 |
8 | Andreas Tresvik | 19,44 |
9 | Trond Lauvås | 21,39 |
10 | Håvard Tresvik | 21,41 |
11 | Magne Tresvik | 22,05 |
12 | Atle Lauvås | 23,31 |
Utan tid
Louie Efford, Magnus Elvik, Bente Merethe Færø, Ann Kristin Hildal, Sue Knarvik, Anne Grethe Lauvås, Nils Lauvås, Annlaug Lygre, Margun Røsland, Kjersti Saltnes, Rita Saltnes, Roald Saltnes, Gudveig Skjerve, Nora Steine, Åsmund Steine, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli, Bjørn Thorson, Edith Thorson, Jon Thorson, Mette Kyed Thorson, Anne Berit Hjort Viken, Kjell Ove Viken, Jørgen Øvstegård
Endeleg Romjulsløp på Lindås!
Postet av Lindås IL den 17. Des 2019
Etter ei par års pause er det søndag 29 desember endeleg igjen klart for Romjulsløp på Lindås.
Dette var i over 30 år eit fast innslag på 2. juledag, og kom like sikkert som Julekvelden. På det meste hadde vi godt over 100 deltakarar. Glade trimmarar i Lindåsbygda, i tillegg til mange tilreisande, har nok sakna dette tilbodet i perioden det no har vore stille. Trimgruppa i Lindås Idrettslag har difor bestemt seg for å starta opp att i år.
I år flyttar vi datoen frå 2. juledag til søndag 29. desember klokka 13.00. Dermed rekk du å trimma av deg litt av «juleflesket» med ein fin liten trimtur i lokalområdet - før du inntek søndagsmiddagen.
Start og mål vert ved Lindåshallen, og løypa er den same gamle på ca. 3,5 km.
Etter løpet serverer Lindås Idrettslag julegløgg i Lindåshallen.
Du kan melda deg på frå kl. 12 og fram til start. Startkontingent kan du betala kontant eller med Vipps. -Og som tidlegare vert det premiar til dei raskaste, pluss premiar trekte på startnumra.
Og her er ALLE velkomne, enten du spring på tid eller spring/går utan tidtaking.
Trimkarusellen 8. desember
Postet av Lindås IL den 8. Des 2019
14 spreke trimmarar hadde tatt pause i juleførebøuingane, og stilte til opp på Trimkarusellen søndag 12. desember. Etter ein våt og vindfull start på søndagen, tok regnet ein pause under arrangementet, og det vart ei fin runde i den 2.35km lange løypa - både for dei som stilte i klasse med tidtaking og for dei som tok turen utan tidtaking.
11-åringen Sondre O. Hodnekvam stilte på sin første trimkarusell, og gjekk like godt heilt til topps. Han fekk tidleg nokre meter til resten av deltakarane, avstanden heldt han gjennom heile løpet, og hadde til og med krefter igjen til ein solid spurt.
Søndag om tre veker er vi midt i romjula, og då blir det tradisjonen tru romjulsløp. Det går av stabelen søndag 29. desember ved Lindås-hallen.
Nyttårs cup 2020 i Lindåshallen 30.des og 2.-4.jan
Postet av Lindås IL den 23. Nov 2019
Nyttårs cup 2020 i Lindåshallen
Da er vi klar for Nyttårs cup, cupen som samler hele bygda i Lindåshallen hele 4 dager til ende.
Det kommer til å bli 4 fartsfylte og spennende dager. Tradisjonen tro blir det selvfølgelig bankett på Westland hotell med god mat, premieutdeling, dans og moro.
Her vil det også bli vist bilder på storskjermer av ukens fotballaktiviteter . Musikken er det vår lokale DJ, Frode Sylta som tar seg av.
Info om påmelding til banketten sendes ut til laglederene sammen med kampoppsettet.
Hvem tar "Best in show" prisen i år? Er Villsauene fra Hundvin fremdeles på frifot? Blir det et damelag som igjen tar denne gjeve prisen eller kanskje gutta er mer på "hugget"i år? Får vi nytt besøk av Piratene fra Austrheim ? Hva finner dei oppfinnsomme damelagene til Catharina og Anja på i år mon tro🤔🤔? Får vi et nytt møte med Cowboyene fra FC Utrent?
Og hvem stikker av med prisen Årets Nyttårsraketter denne gangen?
Dette blir moro, så det er bare å melde seg på!!! Juryen er klar.
Håper selvfølgelig alle deltakere respekterer spillereglene, og spesielt reglene for aktive spillere både for dame og herre lagene. Viktig å framhevet at det er gjort endringer i reglementet til damegruppen, da vi har endret regelen for aktive spillere fra 3 til 2 personer(som i herre klassen).Vi har de siste årene måtte diske lag som bryter reglene. Dette bør vi sleppe for fremtiden.
Fair Play er utrolig viktig for at vi skal få en rettferdig og hyggelig turnering. Alle skal takke for kampene og vise respekt for sine motstandere. Håper samtidig publikum også viser sin storhet og heier på alle, selv om vi selvfølgelig har våre favoritter.
Påmelding foregår via e-post:
solveleirvag@yahoo.com . Om dere ikke mottar bekreftelse innen to dager , ta ny kontakt.
Om noen har mulighet til å hjelpe til under selve arrangementet, er vi veldig takknemlig for det. Bare å ta kontakt.
SilverVonCupklar
Meir informasjon finn du på Facebook - arrangmenter:
https://www.facebook.com/events/961701800888985/
Trimkarusell 17. november
Postet av Lindås IL den 17. Nov 2019
I kaldt, fint haustver møtte 15 ivrige trimmarar fram til sesongens andre trimkarusell på Lindås. Litt fleire deltakarar enn sist, men det er god plass til fleire.
Berre to stilte i klassen for tidtaking, her var Jan Kårbø raskast. Tida var litt svakare en sist, noko som nok kan skuldast at kulden har gjort enkelte parti i løypa noko glatt.
Neste trimkarusell går søndag 8. desember.
Resultat
1 | Jan Kårbø | 11,00 |
2 | Ingvald Gjesdal | 11,11 |
Utan tid
Magnus Elvik, Gjertrud Fanebust, Ann Kristin Hildal, Edvin Kyrre Lillestøl, Atle Rød, Roald Saltnes, Gudveig Skjerve, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli, Bjørn Thorson, Edit Thorson, Jon Thorson
Trimkarusell 27 oktober.
Postet av Lindås IL den 27. Okt 2019
Thorbjørn Kyed Thorson gjekk til topps i søndagens trimkarusell i regi av Lindås IL. Tida vart 8,19, ei sterk tid i den 2,35 km lange løypa. Han hadde klar margin til veteranane Frode Røsland og Jan Kårbø.
Til saman 12 deltakarar hadde funne vegen til Lindås IL sin første trimkarusell etter nokre års pause. Ein del er endra sidan sist Lindås IL arrangerte trimkarusellen: tidspunkt er flytta til søndag kl 15, start og mål er flytta til Lindås Senter, og løypetraseen er lagt om. Den nye løypa består av to om lag like lange sløyfer, til saman 2,35 km. Eit par kneikar i kvar av sløyfene gjev variasjon og utfordring. Som vanleg kan ein velje om ein vil delta med tidtaking, eller om vil ta trimturen utan tidtaking og tidspress.
Trimkarusellen blir som tidlegare arrangert kvar 3. veke, neste karusell blir søndag 17. november.
Resultat
Thorbjørn Kyed Thorson | 8.19 |
Frode Røsland | 10,41 |
Jan Kårbø | 10,43 |
Utan tid
Magnus Elvik
Olai Nepstad
Gudveig Skjerve
Aslaug Sundsbø
Bjørn Thorson
Edith Thorson
Jon Thorson
Mette Kyed Thorson
Jørgen Øvstegård
Loddsalg til Nyttårscupen er i gang
Postet av Lindås IL den 27. Okt 2019
Tradisjonen tru blir det nyttårscup også i år ⚽️🎇
Loddsalget er no i gang!
Me er utrulig takknemlig for alle som har sponsa oss med desse fantastiske premiane. Om de ikkje får besøk av ein loddselgar, er det berre til å ta kontakt, ellers vil lodd også bli solgt under sjølve Nyttårscupen.
Trekninga finn stad under finalespillet i Lindås hallen 4 januar.🏆
Inntektene går til breddefotballen i Lindås IL
Trimkarusellen på Lindås startar opp igjen!
Postet av Lindås IL den 16. Okt 2019
Etter eit par års pause er det endeleg igjen klart for trimkarusell på Lindås!
Glade trimmarar i Lindåsbygda har nok sakna dette tilbodet i perioden det no har vore stille, og Trimgruppa i Lindås Idrettslag har difor bestemt seg for å starta opp att.
Tidlegare gjekk karusellen på mandagskveldar. No satsar vi på søndag ettermiddag klokka 15.00. Dermed kan du ta deg ut med andre aktivitetar heile helga, og så avslutta med ein fin liten trimtur i lokalområdet - før du inntek søndagsmiddagen.
Start og mål vert ved Lindås Senter, og løypa på ca. 2,4 km går i lokalområdet rundt senteret.
Du kan melda deg på frå kl.14.30 og fram til start. Startkontingent kan du betala kontant eller med Vipps. -Og som tidlegare vert det trekt ut premiar på startnumra.
Og her er ALLE velkomne, enten du spring på tid eller spring/går utan tidtaking.
Legg også merke til at ein av datoane er i Romjula. Så då vekkar vi også liv igjen i det tradisjonelle Romjulsløpet på Lindås!
Første «karuselldag» vert søndag 27. oktober.
Datoar vidare gjennom vinteren er søndagane
- 17 nov
- 8. des
- 29 des (Romjulsløpet)
- 19 jan
- 9 feb
- 8 mars
- 29 mars
- 19 apr
- 10 mai
Innkalling til årsmøte i LINDÅS IDRETTSLAG - NB! Ny Dato: 27.mars
Postet av Lindås IL den 25. Jan 2019