LIL søker dagleg leiar!
Postet av Lindås IL den 28. Apr 2026
🟢 Dagleg leiar – Lindås Idrettslag
Lindås Idrettslag (LIL) søkjer ein engasjert, strukturert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å styrkje og vidareutvikle laget som ein sentral møteplass i lokalsamfunnet.
LIL er eit fleiridrettslag med om lag 850 medlemmar fordelt på ni idrettar: fotball, handball, trim, tur, turn, discgolf, idrettsskule, volleyball og klatring. Dei ulike gruppene har eigne gruppestyrer med ansvar for aktivitetane. Klubben er inne i ei spennande utviklingsfase, med fokus på både sportsleg og organisatorisk vekst.
Lindås Idrettslag er ein frivillig, medlemsbasert organisasjon driven i tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund. Vår visjon er: «aktivitet med rom og hjarte for heile bygda»
Stillinga er ei toårig prosjektstilling i inntil 100% stillingsprosent, med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektperioden.
🔧 Arbeidsoppgåver
Som dagleg leiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta av idrettslaget, og skal vere ein pådrivar for vidare utvikling av organisasjonen.
- Leie klubb- og organisasjonsutvikling
- Økonomiansvar
- Iverksetje vedtak frå styret
- Vere kontaktpunkt mot kommune, krets, forbund og samarbeidspartnarar
- Leie marknads- og sponsorarbeid, samt søkje tilskot og støttemidlar
- Sikre god dagleg drift og administrasjon
- Koordinere samarbeidet mellom styret, trenarar og frivillige
- Vidareutvikle aktivitetstilbod og arrangement
- Ansvar for medlemsregister og kommunikasjon
👤 Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere)
- Erfaring frå leiing, administrasjon eller breiddeidrett
- God forståing for økonomistyring
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Gyldig politiattest er eit krav
💡 Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som evnar å skape engasjement og få ting til å skje:
- Engasjert, initiativrik og løysingsorientert
- Dyktig relasjons- og nettverksbyggjar
- Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og tilgjengeleg for medlemmar og grupper
- Kommersiell forståing og evne til å skape verdi gjennom samarbeid
🎯 Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i eit idrettslag i utvikling
- Moglegheit til å påverke aktivitetstilbod og organisasjon
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid (noko kvelds- og helgearbeid må påreknast)
- Deltaking på relevante kurs og samlingar
- Løn etter avtale, med mogleg bonusordning
- Pensjonsordning
- Gode kontor og møte lokaler
📩 Spørsmål om stillinga
Ta kontakt med:
- Henrik Lindås, styreleiar
- 📞 97 60 40 92
- 📧 leiar@lindasil.no
- Søknadsfrist: 01.06.26
- Intervjuer blir gjort fortløpende
Årsmøte 2026 - med protkoll
Postet av Lindås IL den 17. Mar 2026
Protokoll frå årsmøtet:
protokoll 2026 årsmøte.pdf Signert
protokoll 2026.pdf PDF - mindre format, ikkje signert.
Styret i Lindås IL inviterer til årsmøte 24.3 kl 1800 i mediateket i Lindåshallen
Sakspapirer:
SAK 12 Lindås IL daglig leder.pptx
Styrets økonomiske beretning 2025.pdf
Årsberetning 2025 og Handlingsplan 2026.pdf
Balanserapport - 01.01.2025 - 31.12.2025 (8).pdf
Resultatrapport - 01.01.2025 - 31.12.2025 (29).pdf
Endelig utgave Kontrollkomite uttalelse 2025.pdf
Lindås 2025 årsregnskap (1).pdf
Årsmøte 2026
Postet av Lindås IL den 9. Mar 2026
Til medlemmane i Lindås idrettslag
Lindås 09.03.26
Innkalling til årsmøte i LINDÅS IDRETTSLAG
Styret kaller med dette inn til årsmøte i Lindås idrettslag.
Årsmøtet finn stad 24.03.25 klokka 18.00 i mediateket i Lindåshallen.
Saker som et medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet må sendes styret, ved leiar
Henrik Lindås (leiar@lindasil.no) seinast 16.03.25.
Fullstendig saksliste med alle saksdokumenta vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast 17/03-25 (ei veke før årsmøtet) på nettsida til idrettslaget og på Facebooksida vår.
Nettsida til idrettslaget: https://www.lindasil.no
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vært medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingent. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., se idrettslagets lov § 5 til § 7
Velkommen til årsmøtet!
Med venleg helsing
Styret i LIL
Inkluderingsfond
Postet av Lindås IL den 5. Feb 2026
Alle skal få delta på aktivitet
I Lindås Idrettslag er me opptatt av at alle skal være med. Me har difor oppretta eit inkluderingsfond der ein kan søke støtte til kontingent, treningsavgift og utstyr ein treng for å delta på aktiviteter i idrettslaget. Me oppfordrer dei som treng støtte til ta kontakt på inkluderingsfond@lindasil.no Alle henvendelser vert behandla anonymt.
Medlemsavgifter
Det er lagt i Spond ei maks grense på 3000 kr per husstand. Dette går ikkje alltid automatisk, så om din husstand er over grensa ta kontakt med kasserer@lindasil.no - så ordner me det.
Det er og mulig å velge betaling delt opp per måned i Spond.
Er du ikkje lenger medlem i klubben og har fått krav om medlemsavgifter, ta kontakt med medlemsansvarlig på epost: medlem@lindasil.no
Kontingent og treningsavgift for 2026
Postet av Lindås IL den 5. Feb 2026
Sesongen 2026 er i gang og Lindås Idrettslag sender i desse dager ut kontingent og treningsavgifter. Kontingent og treningsavgift vart vedteke på årsmøte i Lindås Idrettslag for 2025
Som i fjor så vert kontingent og treningsavgift krevd inn i Spond. Me oppfordrer alle til å installere denne appen. Har du ikkje appen, vert det tilsendt på epost eller telefon. Det er mulig å dele opp betalingen av treningsavgift kvar måned, me voner dette er ei god løysing, Kontingent må fortsatt betales i ein betaling pga regelverket til NIF.
Det er viktig at du sjekker at kontaktdetaljer i din Spond profil er riktig.
Kontingent er for medlemskap i idrettslaget, og går til å dekke den daglige driften av laget. Treningsavgift er ein avgift som vert innkrevd av den enkelte idrett ein deltar på, som handball, fotball osv. Dette dekker deltakelse på cup og serie, baller, vester og anna.
Kontingent og treningsavgift er ein viktig inntekt for klubben, for å opprettholde og utvikle tilbodet me har til våre medlemmer.
Kontingent for 2026:
Ordinære medlemmer: 500 kr
Støttemedlemmer: 500 kr
Trenere/verv/lagleder: 50 kr
Idrettskule: 50 kr
Æresmedlemmer: 0 kr
Discgolf 50 kr
Treningsavgift for 2026
Fotball:
Born: 525 kr
Ungdom: 750 kr
Senior: 1600 kr
Handball:
Born: 525 kr
Ungdom: 750 kr
Senior: 1000 kr
Trim/friidrett: 450 kr
Turngruppa: 650 kr
Volleyball: 550 kr
Discgolf: 50 kr
Alle andre aktiviteter: 0 kr
Alle skal få delta på aktivitet
I Lindås Idrettslag er me opptatt av at alle skal være med. Me har difor i 2023 oppretta eit inkluderingsfond der ein kan søke støtte til kontingent, treningsavgift og utstyr ein treng for å delta på aktiviteter i idrettslaget. Me oppfordrer dei som treng støtte til ta kontakt på inkluderingsfond@lindasil.no Alle henvendelser vert behandla anonymt.
I tillegg til dette legg me inn i Spond ei maks grense på 3000 kr per husstand. Dette går ikkje alltid automatisk, så om din husstand er over grensa ta kontakt med kasserer@lindasil.no - så ordner me det.
Betalingsfristen er satt til 45 dager. Treng du utsettelse, send ein epost til kasserer@lindasil.no
Det er og mulig å velge betaling av treningsavgift delt opp per måned.
Er du ikkje lenger medlem i klubben og har fått krav om medlemsavgifter, ta kontakt med medlemsansvarlig på epost: medlem@lindasil.no