LIL søker dagleg leiar!
Postet av Lindås IL den 28. Apr 2026
🟢 Dagleg leiar – Lindås Idrettslag
Lindås Idrettslag (LIL) søkjer ein engasjert, strukturert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å styrkje og vidareutvikle laget som ein sentral møteplass i lokalsamfunnet.
LIL er eit fleiridrettslag med om lag 850 medlemmar fordelt på ni idrettar: fotball, handball, trim, tur, turn, discgolf, idrettsskule, volleyball og klatring. Dei ulike gruppene har eigne gruppestyrer med ansvar for aktivitetane. Klubben er inne i ei spennande utviklingsfase, med fokus på både sportsleg og organisatorisk vekst.
Lindås Idrettslag er ein frivillig, medlemsbasert organisasjon driven i tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund. Vår visjon er: «aktivitet med rom og hjarte for heile bygda»
Stillinga er ei toårig prosjektstilling i inntil 100% stillingsprosent, med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektperioden.
🔧 Arbeidsoppgåver
Som dagleg leiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta av idrettslaget, og skal vere ein pådrivar for vidare utvikling av organisasjonen.
- Leie klubb- og organisasjonsutvikling
- Økonomiansvar
- Iverksetje vedtak frå styret
- Vere kontaktpunkt mot kommune, krets, forbund og samarbeidspartnarar
- Leie marknads- og sponsorarbeid, samt søkje tilskot og støttemidlar
- Sikre god dagleg drift og administrasjon
- Koordinere samarbeidet mellom styret, trenarar og frivillige
- Vidareutvikle aktivitetstilbod og arrangement
- Ansvar for medlemsregister og kommunikasjon
👤 Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere)
- Erfaring frå leiing, administrasjon eller breiddeidrett
- God forståing for økonomistyring
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Gyldig politiattest er eit krav
💡 Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som evnar å skape engasjement og få ting til å skje:
- Engasjert, initiativrik og løysingsorientert
- Dyktig relasjons- og nettverksbyggjar
- Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og tilgjengeleg for medlemmar og grupper
- Kommersiell forståing og evne til å skape verdi gjennom samarbeid
🎯 Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i eit idrettslag i utvikling
- Moglegheit til å påverke aktivitetstilbod og organisasjon
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid (noko kvelds- og helgearbeid må påreknast)
- Deltaking på relevante kurs og samlingar
- Løn etter avtale, med mogleg bonusordning
- Pensjonsordning
- Gode kontor og møte lokaler
📩 Spørsmål om stillinga
Ta kontakt med:
- Henrik Lindås, styreleiar
- 📞 97 60 40 92
- 📧 leiar@lindasil.no
- Søknadsfrist: 01.06.26
- Intervjuer blir gjort fortløpende