Vått og vindfullt Romjulsløp

Postet av Lindås IL den 29. Des 2019

I ufyseleg vestlandsver gjekk 16-årige Kristoffer Færø til topps i årets Romjulsløp, følgd av Lindås IL sin eigen Torbjørn Kyed Thorson og veteranen Bjørnar Eidsheim. Kvinneklassen vart vunnen av Marion Natås føre Vanja Lauvås og Maya Tresvik.

Surt romjulsver med regn og vind frå sørvest la ingen dempar på innsatsviljen til dei 44 godt kledde deltakarane som stilte til start - nesten halvparten i klassen med tidtaking og resten utan tidtaking. Den trandisjonelle 3.5 km lange løypa har start og mål ved Lindåshallen, tek ei runde i nederste delen av Kolåsfeltet, vidare til Aldersheimen og ei lita runde i Krossleitet, før ho returnerer til Lindåshallen.

Dei tre beste i dameklassen, frå venstre Vanja Lauvås, Marion Natås og Maya Tresvik.


Dei tre beste i herreklassen, frå venstre Torbjørn Kyed Thorson, Kristoffer Færø og Bjørnar Eidsheim.


Fire trufaste trimmarar med tallause romjulsløp og trimkarusellar bak seg, frå venstre Aud Sørli, Aslaug Sundsbø, Bernhard Sørli og Gudveig Skjerve.


Resultat

Kvinner

1
Marion Natås
18,19
2Vanja Lauvås20,54
3Maya Tresvik22,03
4Frida Lauvås23,29
5Melina Lauvås24,39
6Catharina Lauvås24,40
7Siri Natås25,13

Menn

1
Kristoffer Færø
12,55
2Thorbjørn Kyed Thorson13,12
3Bjørnar Eidsheim13,47
4Vegard Steine14,34
5Helge Færø14,42
6Frode Røsland17,05
7Marius Thorsen18,33
8Andreas Tresvik19,44
9Trond Lauvås21,39
10Håvard Tresvik21,41
11Magne Tresvik22,05
12Atle Lauvås23,31

Utan tid

Louie Efford, Magnus Elvik, Bente Merethe Færø, Ann Kristin Hildal, Sue Knarvik, Anne Grethe Lauvås, Nils Lauvås, Annlaug Lygre, Margun Røsland, Kjersti Saltnes, Rita Saltnes, Roald Saltnes, Gudveig Skjerve, Nora Steine, Åsmund Steine, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli, Bjørn Thorson, Edith Thorson, Jon Thorson, Mette Kyed Thorson, Anne Berit Hjort Viken, Kjell Ove Viken, Jørgen Øvstegård


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.