Kontingent og treningsavgift for 2025

Postet av Lindås IL den 26. Jan 2025

Sesongen 2025 er i gang og Lindås Idrettslag sender i desse dager ut kontingent og treningsavgifter. Kontingent og treningsavgift vart vedteke på årsmøte i Lindås Idrettslag den 10/4/24

Som i fjor så vert kontingent og treningsavgift krevd inn i Spond. Me oppfordrer alle til å installere denne appen. Har du ikkje appen, vert det tilsendt på epost eller telefon. Det er mulig å dele opp betalingen av treningsavgift kvar måned, me voner dette er ei god løysing, Kontingent må fortsatt betales i ein betaling pga regelverket til NIF. 


Det er viktig at du sjekker at kontaktdetaljer i din Spond profil er riktig. 

Kontingent er for medlemskap i idrettslaget, og går til å dekke den daglige driften av laget. Treningsavgift er ein avgift som vert innkrevd av den enkelte idrett ein deltar på, som handball, fotball osv. Dette dekker deltakelse på cup og serie, baller, vester og anna. 
Kontingent og treningsavgift er ein viktig inntekt for klubben, for å opprettholde og utvikle tilbodet me har til våre medlemmer. 


Kontingent for 2025:

Ordinære medlemmer:  450 kr
Støttemedlemmer: 450 kr
Trenere/verv/lagleder: 50 kr
Idrettskule: 50 kr
Æresmedlemmer: 0 kr
Discgolf 50 kr


Treningsavgift for 2025

Fotball: 
Born: 525 kr
Ungdom: 750 kr
Senior: 1600 kr   

Handball:
Born: 525 kr
Ungdom: 750 kr
Senior: 1000 kr

Trim/friidrett: 450 kr
Turngruppa: 650 kr
Volleyball: 550 kr
Discgolf: 50 kr
Alle andre aktiviteter: 0 kr


Alle skal få delta på aktivitet
I Lindås Idrettslag er me opptatt av at alle skal være med. Me har difor i 2023 oppretta eit inkluderingsfond der ein kan søke støtte til kontingent, treningsavgift og utstyr ein treng for å delta på aktiviteter i idrettslaget. Me oppfordrer dei som treng støtte til ta kontakt på inkluderingsfond@lindasil.no Alle henvendelser vert behandla anonymt. 
I tillegg til dette legg me inn i Spond ei maks grense på 3600 kr per husstand.  Dette går ikkje alltid automatisk, så om din husstand er over grensa ta kontakt med kasserer@lindasil.no - så ordner me det.

Betalingsfristen er satt til 45 dager. Treng du utsettelse, send ein epost til kasserer@lindasil.no  

Det er og mulig å velge betaling av treningsavgift delt opp per måned.  

Er du ikkje lenger medlem i klubben og har fått krav om medlemsavgifter, ta kontakt med medlemsansvarlig på epost: medlem@lindasil.no  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.