Kontingent og treningsavgift 2023

Postet av Lindås IL den 27. Apr 2023


Sesongen 2023 er allereie godt i gang og Lindås Idrettslag sender i desse dager ut kontingent og treningsavgifter. Kontingent og treningsavgift vart vedteke på årsmøte i Lindås Idrettslag den 20/3. Klikk her for protokoll frå årsmøte og saksliste

Som i fjor så vert kontingent og treningsavgift krevd inn i Spond. Me oppfordrer alle til å innstallere denne appen. Har du ikkje appen, vert det tilsendt på epost eller telefon. 
Det er viktig at du sjekker at kontaktdetaljer i din Spond profil er riktig. 

Kontingent er for medlemskap i idrettslaget, og går til å dekke den daglige driften av laget. Treningsavgift er ein avgift som vert innkrevd av den enkelte idrett ein deltar på, som handball, fotball osv. Dette dekker deltakelse på cup og serie, baller, vester og anna. 
Kontingent og treningsavgift er ein viktig inntekt for klubben, for å opprettholde og utvikle tilbodet me har til våre medlemmer. 


Kontingent for 2023:

Ordinære medlemmer:  300 kr
Trenere/verv/lagleder: 100 kr
Idrettskule: 100 kr
Æresmedlemmer: 0 kr

Treningsavgift for 2023

Fotball: 
Born: 500 kr
Ungdom: 700 kr
Senior: 1500 kr   (Deles i 2 terminer)

Handball:
Born: 500 kr
Ungdom: 700 kr
Senior: 900 kr

Trim/friidrett: 400 kr
Turngruppa: 600 kr
Volleyball: 500 kr
Alle andre aktiviteter: 0 kr


Alle skal få delta på aktivitet
I Lindås Idrettslag er me opptatt av at alle skal være med. Me har difor i 2023 oppretta eit inkluderingsfond der ein kan søke støtte til kontingent, treningsavgift og utstyr ein treng for å delta på aktiviteter i idrettslaget. Me oppfordrer dei som treng støtte til ta kontakt på inkluderingsfond@lindasil.no  Alle henvendelser vert behandla anonymt. 
I tillegg til dette legg me inn i Spond ei maks grense på 3600 kr per husstand. Dette skal gå automatisk, men om det ligg inne feil info i Spond så kan det være at systemet ikkje får med seg at maksgrensa er nådd. Ta i såfall kontakt med kasserer@lindasil.no - så ordner me det. 

Betalingsfristen er satt til 45 dager. Treng du utsettelse, send ein epost til kasserer@lindasil.no  

Kontingent og treningsavgift har tidligere vore sendt ut i juletider, og dermed vore ein etterskuddsbetaling. Styret ønsker å over nokre år endre dette til å bli sendt ut på starten av året. Avgiften for 2023 kjem derfor i mai. Frå 2024 vert den sendt ut i januar. 


Er du ikkje lenger medlem i klubben og har fått krav om medlemsavgifter, ta kontakt med medlemsansvarlig på epost: medlem@lindasil.no  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.