Idrettsmerkeprøve torsdag 29. september

Postet av Lindås IL den 10. Sep 2022

Torsdag 29. september har du anledning til å ta idrettsmerket.

Idrettsmerket har lang tradisjon og er ein fin måte å motivere seg til å halde seg i form. For å klare idrettsmerket, skal ein gjennom ein øvelse i kvar av gruppene trim, spenst/presisjon, hurtighet, styrke og utholdenhet. Innanfor kvar av gruppene er det fleire øvelsar å velge mellom. Det er 16 alders-klassar frå 16-17 år til 90 år og eldre. Krava er sett slik at dei er innanfor rekkevidde dersom ein held seg litt i form. Her finn du meir info om øvelsar, klassar og krav.

Er du interessert, kan du møte på idrettsbana på Lindås torsdag 29. september kl 18.00. Passar ikkje dette, kan du ta kontakt med Nils Lauvås tlf 994 56 037 eller Ingvald Gjesdal tlf 408 00 084, så kan vi avtale ein annan dag. 





Oløp på Natås 9. mai

Postet av Lindås IL den 6. Mai 2022

Lindås IL arrangerer orienteringsløp på Natås mandag 9. mai.
Løpet inngår i Nordhordlandskarusellen.

Alle kan delta, velg mellom 3 løyper frå lett til vanskeleg:
- Nybegynnar (1.1 km)
- Mellom (2.4km)
- Lang (3.6km)
   
Start mellom 17:30 og 18:30.
Startkontingent: 50 kr

Frammøte ved grendahustet på Natås. Merka frå Vågseidet på FV57, kjør FV396 ca. 2,5km mot Sævråsvåg.