Klara Rosseland gleder seg til skitur til Bertes i følge Setesdølen
Postet av Geir Magne Feed den 19. Feb 2025
Dette kan vi lese i Setesdølen om den 85 år gamle Klara Rosseland i Flatebygd:
85-åring på nye ski i nyoppkøyrt løype
Klara Rosseland (85) kasta seg i bilen då ho såg på mobilen at også skiløypa frå Flatebygd vart oppkøyrt og klar midt i vinterferien. -Løypekøyraren er på veg til Bertesknapen nå. Så eg er nok aller fyrst i sporet, sa ei blid Klara på heilt nye ski.


Sigrid Åsen HaugsgjerdSigrid er journalist i Setesdølen
Oppdatert: 21 timer siden
Den spreke vikarlæraren på Evje tok turen frå litt lenger nede i Flatebygd for å nyte ein skitur mot Bertesknapen i strålande sol i vinterferieveka.
–Det er så mykje bilar på Høgås, så eg vart glad då eg såg at han er i gang med løypa også her, fortel Klara som følgde oppdateringar om skisporet på app.
I bagasjerommet hadde ho som proffane med seg to par ski for å vere sikra ein optimal tur.
–Det eine paret er heilt nytt. Det er så godt me har flinke folk her på Evje som kan mykje og kan sikre oss gode ski, fortel 85-åringen.
Skigåar sidan 40-talet
Sine fyrste ski sette ho på beina ein gong på 40-talet. Men dei kom ikkje frå nokon sportsbutikk.
–Det var far min som laga mine fyrste ski. Men nå får me sjå korleis desse er. Eg tenkte, kvifor skal ikkje eg kunne kjøpe meg nye ski?
Og på heilt nytt utstyr forsvann 85-åringen innover skogane i Flatebygd midt i vinterferieveka.
Publisert: tirsdag 18. februar 2025 kl. 14:00Oppdatert: 21 timer siden
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.