Lindås Idrettslag

INFORMASJONSFOLDER

FOTBALLGRUPPA

 

 

VELKOMMEN TIL FOTBALL I LINDÅS IL

Denne foldaren er laget for at du som medlem, og dine foreldre/foresatte skal vite meir om Lindås idrettslag si fotballgruppe. I tillegg til skriftleg informasjon trur vi at personleg kontakt er den beste informasjonskilda. Vi oppfordrar alle som har born med i fotballgruppa om å ta kontakt både på trening, kampar og foreldremøte. Vi prøvar etter beste evne å drive eit positivt barne- og ungdomsarbeid i bygda vår. Vær derfor med på å gje ris og ros til dette arbeidet. Barna likar at foreldre er med og heiar og lagar ein positiv tone rundt trening og kamp. Still opp og opplev kor fint fotballmiljøet er!

 

Fotballgruppa ønskjer deg vel møtt til fotball. Vår målsetjing er at alle som vil skal kunne drive fotball på sitt nivå. Dette betyr at vi i dei yngste klassane, legger stor vekt på at både trening og kamp skal være leik betont. Leik med ball i kameratslege omgjevnader gjev fornøgde barn, trur vi. Sjølvsagt er det reglar som må fjølgast. Vi lærer fotballreglane på trening, i tillegg til teknikk.

Nokre reglar bør du lære alt nå: Alle på ditt lag er kameratar og difor oppfører vi oss slik som venner skal mot kvarandre. Trenaren din skal ha melding dersom du ikkje kan møte på trening, helst i god tid før treninga startar. Dette gjeld også dersom du er uttatt til kamp, og ikkje kan møte. Både på trening og kamp er det påbudt med leggbeskyttere, andre krav til utstyr er det ikkje. Likevel ber vi dine foreldre/foresatte tenke over at gode sko er viktig for deg.

 

      


MÅLSETJING FOR FOTBALLGRUPPA:

  • Fotballgruppa i LIL skal ha sterk vekt på bredde og  sosial profil i aldersbestemte klassar.

  • Mest leikbetont i de yngste klassane.

  • Utvikling frå 12-13 års alderen skal leggjast opp med stadig større innslag av sportslege krav.

  • Fotballgruppa vil tilstrebe eit godt samarbeid med dei andre gruppene i laget vedrørande barneidrett.

  • Fortsette å vidareutvikle samarbeidet med foreldre for å behalde eit trygt og godt miljø.

  • Ønskjer at så mange som mogleg tar ferdighetsmerke.

  • Fotballgruppa ønskjer å gje talentar moglegheit til vidareutvikling gjennom  diffransiering og hospitering innad i klubben, og i samarbeid med andre Nordhordlands  klubbar og evt. kretsens talentutviklingsprosjekter .

  • Etablere eit fast tilbod til spelarar over 16 år (junior) for begge kjønn.
  • Ha tilbod til eldre spelarar som ynskjer å fortsetje med fotballen.
  • Arrangere årlig Fotball camp for våre eigne spelarar i årsklassen 10-15 år.



KORLEIS MELDER DU DEG INN:

Ta kontakt med trenar/lagleiar for aktuelle årsklasse. Telefon nummer og e-post adresser finner du på våre nettsider; 

www.lindaas-il.idrettenonline.no/fotball

 

KVA DEKKJAR KONTINGENTEN:

  • Norges Fotballforbunds forsikring. Forsikringa gjelder idrettskade under klubben/lagets kamper, samt all fotballtrening organisert av klubben/laget. Forsikringa gjelder også kretskampar/samlingar.

    Sjå elles regler for forsikringar på Fotballforbundets sider www.fotball.no

  • Påmelding til lag i seriespill og cupar.

  • Lags utstyr til trening og kamp og spille drakter.

     

    Gruppekontingent:

    T.o.m. det året du fyller 12 år kostar det kr 450,- pr. år.

    frå det året du fyller 13 til 19 år, kostar det kr 550,- pr. år.

    Over 19 år 750,- pr. år.

    Gubbefotball 350,- pr. år.

     

    Dugnadsarbeid for fotballgruppa:

    Det kostar mykje å driva fotballgruppa, så vi er avhengig av å jobbe dugnad for å få budsjettet til å gå opp. Årets store dugnader er Fotball camp 24-25 mai, Camp Barcelona 15-17 august. Havsportveka i august. Kiosk drift og vedlikehald av eigne anlegg er også drevet på dugnad. I 2014 skal det gamle idrettsanlegget til kommunen rustas opp og ein forventar at idrettslaget må delta med ein del dugnadsinnsats i forbindelse med dette.

     

    Hovedlagskontingent:

    I tillegg til gruppekontingenten må ein betale medlemskontingent til Lindås IL (hovudlaget). Denne er fortida kr 220,-

     

    KORLEIS REISER FOTBALLGRUPPA TIL KAMP?

    All transport til kampar er basert på foreldrekjøring med eigne biler. Oppmann set opp kjørelister for vår - og haustsesongen.

    Dersom lag reiser på turneringar som går over fleire dagar, vært det utarbeida eiget reiseopplegg.

    Å kunne reise på ein trygg måte er viktig. Difor må sjåførar sørgje for at alle er ordentleg sikra i bilen og at bilen er i forskriftsmessig stand.

     

    KVA FORVENTAR FOTBALLGRUPPA AV FORELDRE/FORESATTE?

    Fotballgruppa i Lindås IL drives av mange frivillige leiarar og trenarar. Dette arbeidet er ikkje lønna. Vi forventar at dei som meldar borna sine inn i fotballgruppa er villige til å ta i eit tak når det trengs. Fotballgruppa tilbyr alle som ønskjer å være med, nødvendig kursing. Denne dekkes av fotballgruppa. Utover dette trenger laget hjelp til draktvask, banemerking, kiosk, kjøring til kampar og anna dugnadsarbeid.

     

    MINIPUTT: 7, 8, 9 og 10 år

    Minifotballen er underlagt spesielle reglar. Viktigaste regel er at alle som spelar minifotball er like viktige, og at alle som vil får være med. Hovudmålet med minifotball er at barna skal ha eit trygt miljø der ein lærar å ta omsyn til andre, og utvikle større speleglede.

    Vi tonar ned kampresultata. Alle er vinnarar i miniklassene.

    Seriespel og turneringar leggast opp i samarbeid med andre klubber i Nordhordland.

    For å være med i Minifotballen må ein være begynt i 1. klasse.

    Miniputtane trener ein gong i veka i tillegg til kamper.



LILLEPUTT: 11 og 12 år

Lilleputter er også underlagt spesielle reglar. Fotball kunnskapar vert vektlagt meir og meir. Alle som deltar på trening får sjølvsagt spille kampar. I lilleputtklassane er det ikkje resultatservice, dvs. at kampresultat vil komme i avisene, men ikkje i serietabell. For oss er det viktig at vi tonar ned resultata, til fordel for samhald og kameratskap.

Alle lilleputter trener 1-2 gangar i veka i tillegg til kamp.

 

SMÅJENTE/SMÅGUTT: 13 og 14 år

På dette alderstrinnet kommer konkurransemomentet så smått inn, men vi er ein bredde klubb og skal ha plass til alle. Samstundes er det ønskeleg å stimulere talentar.

Nominering til kretslag startar på dette alderstrinnet. Spesielt talentfulle spillere får tilbod om å delta på samlingar i regi av kretsen.

Gode spillere deltar gjerne på kamper/treningar på eit høgare alderstrinn. Laga deltar i kretsserien og må forvente turar til Bergen i forbindelse med dette. Nasjonale og internasjonale turneringar er open for denne årsklassen.

 

GUTT/JENTE: 15 og 16 år

Det året ein fyller 15 år blir ein med på jente/gutte laga. Kravet til bevisste trenere og leiarar blir meir framtredande på dette alderstrinnet. Utøvarane vil trives i eit sportsleg utfordrande miljø, noko som igjen betyr at vi set krav til fotball ferdighet og holdningar.

Jente/guttespelarar trenar to til tre gongar i veka, også i kampsesongen.

 

JUNIOR KLASSEN:

Her ønskjer vi å oppretthalde eit godt sportsleg miljø og skape gode haldningar innad i spelar gruppa. Vi trur at engasjerte trenarar og godt støtte apparat rundt laget, er viktig for at flest mogleg fortsetter med fotball. Spelarar i denne aldersgruppa er ofte førebilete for dei yngre spelarane, og det er eit stort ønskje frå klubben at nokre ungdommar kan væra med å trene aldersbestemte lag.

 

SENIOR FOTBALL.

Klubben legg opptil å ha eit tilbod til vaksne som ønskjer å fortsette med fotball. Ambisjonar og målsetjing må avgjerast av spelargruppa som til ein kvar tid er involvert i laget. Som klubb skal vi leggje til rette for tilbodet, og kvar enkelt spelar må ved sesong start forplikte seg til å følgje opp treningar og kampar gjennom heile sesongen så godt det lar seg gjera. For å kunne oppretthalde tilbodet er det også viktig at denne spelar gruppa deltek på dugnadar gjennom året.


Med vennleg helsing

Styret i fotballgruppa                    

 

                                                                      

Følg oss gjerne på Facebook - 

Lindås IL Fotball