Fotballgruppa
Fotballgruppa i Lindås har i alt ca. 280 fotballspelarar i
- Aldersbestemt i frå 6 til 19 år
- Seniorlag
- «Gubbelag»/oldboyslag
Lindås idrettslag har eit anlegg beståande av
- 2 fotballbaner (ei grasbane og ei kunstgrasbane)
- 1 femmarbane av kunstgras
- 1 fleirbrukshall med fullskala handball/futsalbane.
Vår visjon:
Lindås idrettslag skal være ein klubb der det er plass til alle!
Våre verdiar:
- I Lindås IL helsar vi når me treffast og tar vare på kvarandre slik at alle trives best mulig.• I Lindås IL skal vi alltid vere høflig og vise god åtferd.
- I Lindås IL representerer vi klubben på en positiv måte både på og utanfor bana.
- I Lindås IL viser vi respekt for dommarar, motstandarar sine spelarar, trenarar, ledarar, og andre besøkande.
- I Lindås IL tar vi vare på trenings‐ og kampfasilitetane våre og etterlet dei i den standen vi ønsker å finne dei sjølv.
- I Lindås IL ser vi på gode holdningar hos spelarar, trenarar, foreldre og ledarar som like viktig som sportslig utvikling og resultat.
MÅLSETJING FOR FOTBALLGRUPPA:
Fotballgruppa i LIL skal ha sterk vekt på bredde og sosial profil i aldersbestemte klassar.
Mest leikbetont i de yngste klassane.
Utvikling frå 12-13 års alderen skal leggjast opp med stadig større innslag av sportslege krav.
Fotballgruppa vil tilstrebe eit godt samarbeid med dei andre gruppene i laget vedrørande barneidrett.
Fortsette å vidareutvikle samarbeidet med foreldre for å behalde eit trygt og godt miljø.
Ønskjer at så mange som mogleg tar ferdighetsmerke.
Fotballgruppa ønskjer å gje talentar moglegheit til vidareutvikling gjennom diffransiering og hospitering innad i klubben, og i samarbeid med andre Nordhordlands klubbar og evt. kretsens talentutviklingsprosjekter .
- Etablere eit fast tilbod til spelarar over 16 år (junior) for begge kjønn.
- Ha tilbod til eldre spelarar som ynskjer å fortsetje med fotballen.
- Arrangere årlig Fotball camp for våre eigne spelarar i årsklassen 10-15 år.
Drifta av Fotballgruppa er det foreldre som står for, og i overkant av 45 foreldre stiller som oppmenn og trenarar for at barn, unge og vaksne skal få spele fotball på Lindås.
Styret i fotballgruppa består av følgande personar:
Funksjon | Navn | Tlf.Nr: | |
Leiar | Jimmy Monsen Nesbakk | fotball (a) lindasil.no | 464 21 715 |
Kasserer | Natalie Villanger | Fotball.kasserer (a) lindasil.no | 482 81 389 |
Material ansvarlig | Kristian Andås | Andaas86 (a) hotmail.com | 481 95 577 |
Medlemsansvarlig / FIKS / Kretsen / | Harald Lervåg | halervaa (a) online.no | 908 13 777 |
Dugnadsansvarlig / Cupansvarlig | xxxxxxx | xxxxxxx | xxx xx xxx |
Kioskansvarlig | Tom Erik Ask | Asktomerik (a) gmail.com | 414 89 957 |
Sportslig/sponsor | Kim Johannessen | Johannessenkimarild (a) gmail.com | 923 09 707 |
Medlem/oppmann ansvarlig | Inger-Johanne Fjellsbø | Ingulf_89 (a) hotmail.com | 993 95 173 |
Medlem/oppmann ansvarlig | Ørjan Haugsvær | Ohaugs (a) hotmail.com | 908 88 974 |
Drift og vedlikehold klubbhus/kunstgress | Magne Tresvik | magne.tresvik (a) gmail.com | 900 88 337 |