Idrettsmerkeprøve torsdag 3. september

Postet av Lindås IL den 30. Aug 2020

Torsdag 3. september kl 18.00 har du ein ny sjanse til å ta idrettsmerket.

Idrettsmerket har lang tradisjon og er ein fin måte å motivere seg til å halde seg i form. Ein kan velge ein av fleire øvelsar innanfor gruppene trim, spenst/presisjon, hurtighet, styrke og utholdenhet. Det er 16 alders-klassar frå 16-17 år til 90 år og eldre. Krava er sett slik at dei er innanfor rekkevidde dersom ein held seg litt i form. Her finn du meir info om øvelsar, klassar og krav.

Er du interessert, kan du møte på idrettsbana på Lindås torsdag 3. september kl 18.00. Passar ikkje dette, kan du ta kontakt med Nils Lauvås tlf 994 56 037 eller Ingvald Gjesdal tlf 408 00 084, så kan vi avtale ein annan dag.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline