Trimkarusell søndag 8.mars

Postet av Lindås IL den 2. Mar 2020

Vi minner om trimkarusellen søndag 8. mars. Starten går kl. 15.00, påmelding frå kl. 14.30. Dei som spring/går utan tidtaking kan starte frå kl 14.30. 

Start og mål er ved Lindås Senter (ved Kyrkjelydssenteret). Løypa er ca 2.35 km lang og startar ved Kyrkjelydssenteret, går først i ei sløyfe mot aldersheimen, tar ei runde i Krossleitet før ho snur tilbake til senteret. Derfrå tar ho ei runde rundt Brannstasjonen og Senteret, og tilbake til mål ved Kyrkjelydssenteret. 

Premiar blir trekt på startnummer.

Avslutt helga med ein fin trimtur på Lindås, før du inntek søndagsmiddagen. ALLE er velkomne, enten du spring på tid eller spring/går utan tidtaking.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline