Endeleg Romjulsløp på Lindås!

Postet av Lindås IL den 17. Des 2019

Etter ei par års pause er det søndag 29 desember endeleg igjen klart for Romjulsløp på Lindås.

Dette var i over 30 år eit fast innslag på 2. juledag, og kom like sikkert som Julekvelden.  På det meste hadde vi godt over 100 deltakarar.  Glade trimmarar i Lindåsbygda, i tillegg til mange tilreisande, har nok sakna dette tilbodet i perioden det no har vore stille. Trimgruppa i Lindås Idrettslag har difor bestemt seg for å starta opp att i år. 

I år flyttar vi datoen frå 2. juledag til søndag 29. desember klokka 13.00.  Dermed rekk du å trimma av deg litt av «juleflesket» med ein fin liten trimtur i lokalområdet - før du inntek søndagsmiddagen.

Start og mål vert ved Lindåshallen, og løypa er den same gamle på ca. 3,5 km. 

Etter løpet serverer Lindås Idrettslag julegløgg i Lindåshallen.  

Du kan melda deg på frå kl. 12 og fram til start. Startkontingent kan du betala kontant eller med Vipps.  -Og som tidlegare vert det premiar til dei raskaste, pluss premiar trekte på startnumra.  

Og her er ALLE velkomne, enten du spring på tid eller spring/går utan tidtaking.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.