Trimkarusellen på Lindås startar opp igjen!

Postet av Lindås IL den 16. Okt 2019

Etter eit par års pause er det endeleg igjen klart for trimkarusell på Lindås!

Glade trimmarar i Lindåsbygda har nok sakna dette tilbodet i perioden det no har vore stille, og Trimgruppa i Lindås Idrettslag har difor bestemt seg for å starta opp att.  

Tidlegare gjekk karusellen på mandagskveldar.  No satsar vi på søndag ettermiddag klokka 15.00. Dermed kan du ta deg ut med andre aktivitetar heile helga, og så avslutta med ein fin liten trimtur i lokalområdet - før du inntek søndagsmiddagen.

Start og mål vert ved Lindås Senter, og løypa på ca. 2,4 km går i lokalområdet rundt senteret.  

Du kan melda deg på frå kl.14.30 og fram til start.  Startkontingent kan du betala kontant eller med Vipps.  -Og som tidlegare vert det trekt ut premiar på startnumra.  

Og her er ALLE velkomne, enten du spring på tid eller spring/går utan tidtaking.


Legg også merke til at ein av datoane er i Romjula.  Så då vekkar vi også liv igjen i det tradisjonelle Romjulsløpet på Lindås!


Første «karuselldag» vert søndag 27. oktober.  

Datoar vidare gjennom vinteren er søndagane 

  • 17 nov
  • 8. des
  • 29 des (Romjulsløpet)
  • 19 jan
  • 9 feb
  • 8 mars
  • 29 mars
  • 19 apr
  • 10 mai 



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline