Lindås Idrettslag

INFORMASJONSFOLDER

HÅNDBALLGRUPPA

 

 

VELKOMMEN I HÅNDBALLGRUPPA I LINDÅS IDRETTSLAG  

Handballgruppa legg særleg vekt på aktiviteten for barn og ungdom. Samstundes er vi glad for at vi har damelag her i bygda. Handball er ein kjekk idrett og i gruppa vår kan ein altså spele så lenge ein har lyst. Handballgruppa i Lindås har snart eksistert i 30 år og alt som blir gjort her er frivillig arbeid, utført av foreldre. Det er altså viktig at alle bidreg og at vi jobbar saman slik at barna våre får ei god oppleving i aktiviteten sin.


Dei aller yngste (6-9 år) spelar minihandball / 4'er handball og dette er ein aktivitet der fokus er læring og veiledning. Det er ei naturleg utvikling frå leik og moro med ballen til meir samspel etter kvart,  samstundes skal 4'er håndball ta vare på barna si lyst til uhøgtidelge konkurranse. Dei  spelar på lita bane, men liten ball og enkle reglar, Ein tel ikkje mål i minihåndball. Det er trening ein gong i  veka og kampane går som miniturneringar nokre helgar i sesongen. Håndballgruppa i Lindås søker kavrt år om å få arrangere slike miniturneringar. Dette gir god inntekt og vi ser det som viktig at også dei yngste spelarane våre får spele på heimebane. Det varierer kor mange miniarrgangement vi får tildelt og kva årsklassar det gjeld. På desse miniturneringane må foreldra til laga som spelar kamp rekne med å jobbe dugnad. Arbeidsoppgåvene er kiosk, billettsal og rydding.

 

Etter kvart som spelarane vert eldre spelar dei med fleire på laget og på større bane, slik

6-9 år                                                   10-11 år                                       12 år

Minihandball                                        6´er                                               7´er                                                     

Spel 4 mot 4                                        Spel 6 mot 6                                 Spel 7 mot 7

Bane 20 x 12 m                                   Bane 40 X 20 m                           Bane 40 x 20 m

Minihandballmål                                  Nedsenkbar tverrligger                 Ordinært mål Ballstr.

Mjukball 00/00                                     Ballstr. 0                                       Ballstr. 0

                              

 Les meir på handballen sine nettsider:

https://www.handball.no/region...

 

Kva treng ei for å spele handball:

Enkle treningsklær, gode innesko  og drikkeflaske. Knebeskyttar er ikkje nødvendig. Klubben har drakter til kamp.

 

Kva kostar det å vere med

Kontingent i Lindås Idrettslag:

                                     Barn 6-12 år             kr 700

                                     Ungdom 13-19 år    kr 900

                                     Senior                       kr 1100

Alle spelarar må betale lisens frå det året dei fyller 13 år. Lisensen gjeld som forsikring. Fram til barna er 12 år er dei forsikra via kontingenten til idrettslaget.

 

Innmelding foregår via skjema som ein finn på heimesida til Lindås idrettslag eller ein får det hos lagleder.

http://lindaas-il.idrettenonline.no/p/28612/inn--and-utmelding-


 

Vi oppmodar foreldre til å

  • Møte fram på kampane som barna spelar

  • Gi oppmuntring og støtte både til eigne og andre barn både i medgang og motgang.

  • Ikkje gi negativ kritikk.

  • Respektere trenarane sitt opplegg

  • Sjå på dommaren som ein rettleiar – ikkje kritiser dommaren sine avgjersler.

  • Spør om kampen var morosam og spanande– ikkje vær oppteke av resultatet.

  • Husk at det viktigste av alt er at ditt barn trives og har det gøy saman med vener.

  • Vis respekt for det klubben gjer – klubben treng di hjelp.




Har du spørsmål – ta kontakt med oss på:  lindasil.leiarhandballgruppen@gmail.com

 

Levert av IdrettenOnline