Handballgruppa i Lindås har ca 200 medlemmer, fordelt på lag frå 6 år og oppover til damelag.
Alle treningane foregår i Lindåshallen. I dei yngre klassene har vi lag både for gutar og jenter.
Dei yngste har trening ein gong i veka, og kampane spelar dei i miniturneringar nokre helger i sesongen.
Dei eldre laga trenar opp til to gonger og har enkeltkampar i helgene.
Drifta av handballgruppa er det foreldre som
står for, og i overkant av 30 foreldre stiller som oppmenn og trenarar for at barn, unge og vaksne skal få spele handball
på Lindås.
Gruppestyret i handballgruppa for 2022/2023 består av: