Trimkarusellen 29. mars avlyst

Postet av Lindås IL den 26. Mar 2020

På grunn av tiltaka mot korona-viruset, blir Trimkarusellen 29. mars avlyst.



Trimkarusellem 8.mars

Postet av Lindås IL den 8. Mar 2020

12 ivrige trimmarar stilte på sesongens sjette trimkarsell søndag 8. mars. Veret var heller ikkje denne dagen på vår side, men regnet tok i det minste ein liten pause den tida arrangementet pågjekk. Magnus Elvik var den einaste som stilte til start i klassen med tidtaking, og veteranen som nærmar seg 80 kom inn på 19.19, litt bak beste-noteringa frå tidlegare i vinter.

Neste trimkarusell er søndag 29. mars.

Resultat

1
Magnus Elvik

19,19

Utan tid

Ann Kristin Hildal, Anne Britt Kolås, Rita Saltnes, Roald Saltnes, Gudveig Skjerve, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli, Bjørn Thorson, Edith Thorson, Jørgen Øvstegård



Trimkarusell søndag 8.mars

Postet av Lindås IL den 2. Mar 2020

Vi minner om trimkarusellen søndag 8. mars. Starten går kl. 15.00, påmelding frå kl. 14.30. Dei som spring/går utan tidtaking kan starte frå kl 14.30. 

Start og mål er ved Lindås Senter (ved Kyrkjelydssenteret). Løypa er ca 2.35 km lang og startar ved Kyrkjelydssenteret, går først i ei sløyfe mot aldersheimen, tar ei runde i Krossleitet før ho snur tilbake til senteret. Derfrå tar ho ei runde rundt Brannstasjonen og Senteret, og tilbake til mål ved Kyrkjelydssenteret. 

Premiar blir trekt på startnummer.

Avslutt helga med ein fin trimtur på Lindås, før du inntek søndagsmiddagen. ALLE er velkomne, enten du spring på tid eller spring/går utan tidtaking.