Aktivitet klubbhus

Postet av Lindås IL den 20. Okt 2020

Aktivitet Klubbhus 2020/21


Oktober 20


November 20





Idrettsmerkeprøve torsdag 3. september

Postet av Lindås IL den 30. Aug 2020

Torsdag 3. september kl 18.00 har du ein ny sjanse til å ta idrettsmerket.

Idrettsmerket har lang tradisjon og er ein fin måte å motivere seg til å halde seg i form. Ein kan velge ein av fleire øvelsar innanfor gruppene trim, spenst/presisjon, hurtighet, styrke og utholdenhet. Det er 16 alders-klassar frå 16-17 år til 90 år og eldre. Krava er sett slik at dei er innanfor rekkevidde dersom ein held seg litt i form. Her finn du meir info om øvelsar, klassar og krav.

Er du interessert, kan du møte på idrettsbana på Lindås torsdag 3. september kl 18.00. Passar ikkje dette, kan du ta kontakt med Nils Lauvås tlf 994 56 037 eller Ingvald Gjesdal tlf 408 00 084, så kan vi avtale ein annan dag.




Vil du ta idrettsmerket?

Postet av Lindås IL den 16. Jun 2020

Idrettsmerket har lang tradisjon og er ein fin måte å motivere seg til å halde seg i form. Ein kan velge ein av fleire øvelsar innanfor gruppene trim, spenst/presisjon, hurtighet, styrke og utholdenhet. Det er 16 alders-klassar frå 16-17 år til 90 år og eldre. Krava er sett slik at dei er innanfor rekkevidde dersom ein held seg litt i form. Her finn du meir info om øvelsar, klassar og krav.

Er du interessert, kan du møte på idrettsbana på Lindås torsdag 25. juni kl 18.00. Passar ikkje dette, kan du ta kontakt med Nils Lauvås tlf 994 56 037 eller Ingvald Gjesdal tlf 408 00 084, så kan vi avtale ein annan dag. Det blir også anledning å ta idrettsmerke etter sommarferien, vi kjem tilbake til med nærmare tidspunkt.




Trimkarusellen 29. mars avlyst

Postet av Lindås IL den 26. Mar 2020

På grunn av tiltaka mot korona-viruset, blir Trimkarusellen 29. mars avlyst.



Trimkarusellem 8.mars

Postet av Lindås IL den 8. Mar 2020

12 ivrige trimmarar stilte på sesongens sjette trimkarsell søndag 8. mars. Veret var heller ikkje denne dagen på vår side, men regnet tok i det minste ein liten pause den tida arrangementet pågjekk. Magnus Elvik var den einaste som stilte til start i klassen med tidtaking, og veteranen som nærmar seg 80 kom inn på 19.19, litt bak beste-noteringa frå tidlegare i vinter.

Neste trimkarusell er søndag 29. mars.

Resultat

1
Magnus Elvik

19,19

Utan tid

Ann Kristin Hildal, Anne Britt Kolås, Rita Saltnes, Roald Saltnes, Gudveig Skjerve, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli, Bjørn Thorson, Edith Thorson, Jørgen Øvstegård



Trimkarusell søndag 8.mars

Postet av Lindås IL den 2. Mar 2020

Vi minner om trimkarusellen søndag 8. mars. Starten går kl. 15.00, påmelding frå kl. 14.30. Dei som spring/går utan tidtaking kan starte frå kl 14.30. 

Start og mål er ved Lindås Senter (ved Kyrkjelydssenteret). Løypa er ca 2.35 km lang og startar ved Kyrkjelydssenteret, går først i ei sløyfe mot aldersheimen, tar ei runde i Krossleitet før ho snur tilbake til senteret. Derfrå tar ho ei runde rundt Brannstasjonen og Senteret, og tilbake til mål ved Kyrkjelydssenteret. 

Premiar blir trekt på startnummer.

Avslutt helga med ein fin trimtur på Lindås, før du inntek søndagsmiddagen. ALLE er velkomne, enten du spring på tid eller spring/går utan tidtaking.



Oppstart av senior volleyball 11.mars kl 20:30

Postet av Lindås IL den 12. Feb 2020


Det blir oppstart av senior volleyball. Har du lyst å trene volleyball? Kom og prøv, då vel!

 






Trimkarusellen 9. februar.

Postet av Lindås IL den 9. Feb 2020

Thorbjørn Kyed Thorson vann trimkarusellen på Lindås søndag 2. februar med tida 8.26, berre sju sekund etter hans eigen løyperekort frå oktober. Med kraftig motvind i deler av løypa, låg heller ikkje forholda til rette for ny bestenotering. Nummer to vart Roald Saltnes med tida 9.48, også det ei god tid med tanke på at han har hatt eit lengre trengingsavbrekk grunna skade.

Til saman 16 godt kledde trimmarar stilte, og gjekk og sprang gjennom den 2.35 km lange løypa. 

Neste trimkarusell blir 8. mars. 

Thorbjørn Thorson på veg mot mål.
Roald Saltnes på veg til 2.plass, her omlag halvvegs.


Resultat

1Thorbjørn Kyed Thorson

8,26

2Roald Saltnes

9,48

3Magnus Elvik

18,52

Utan tid

Ann Kristin Hildal, Anne Grethe Lauvås, Nils Lauvås, Atle Rød, Torhild B. Rød, Bente Saltnes, Kjersti Saltnes, Rita Saltnes, Gudveig Skjerve, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli, Bjørn Thorson



Trimkarusellen 19. januar

Postet av Lindås IL den 19. Jan 2020

Jan Kårbø gjekk igjen sigrande ut av Trimkarusellen på Lindås. Etter å ha leia mesteparten av den 2.35 km lange løypa, sikra han sigeren etter ein overbevisande spurt.

Berre 11 stilte til start i årets første trimkarusell på Lindås, men dei som stilte fekk ein fin tur i vindstille ver, nokre regnbyer og 4 - 5 varmegrader.


Torhild og Atle Rød i fin stil mot mål etter å ha gått den 2.35 km lange løypa.

Resultat

Menn

1Jan Kårbø11,09
2
Ingvald Gjesdal11,10
3
Magnus Elvik18,29

Kvinner

1Sissel Wilhelmsen13,00

Utan tid

Edvin Kyrre Lillestøl, Atle Rød, Torhild B. Rød, Gudveig Skjerve, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli