Oppstart av senior volleyball 11.mars kl 20:30

Postet av Lindås IL den 12. Feb 2020


Det blir oppstart av senior volleyball. Har du lyst å trene volleyball? Kom og prøv, då vel!

 






Trimkarusellen 9. februar.

Postet av Lindås IL den 9. Feb 2020

Thorbjørn Kyed Thorson vann trimkarusellen på Lindås søndag 2. februar med tida 8.26, berre sju sekund etter hans eigen løyperekort frå oktober. Med kraftig motvind i deler av løypa, låg heller ikkje forholda til rette for ny bestenotering. Nummer to vart Roald Saltnes med tida 9.48, også det ei god tid med tanke på at han har hatt eit lengre trengingsavbrekk grunna skade.

Til saman 16 godt kledde trimmarar stilte, og gjekk og sprang gjennom den 2.35 km lange løypa. 

Neste trimkarusell blir 8. mars. 

Thorbjørn Thorson på veg mot mål.
Roald Saltnes på veg til 2.plass, her omlag halvvegs.


Resultat

1Thorbjørn Kyed Thorson

8,26

2Roald Saltnes

9,48

3Magnus Elvik

18,52

Utan tid

Ann Kristin Hildal, Anne Grethe Lauvås, Nils Lauvås, Atle Rød, Torhild B. Rød, Bente Saltnes, Kjersti Saltnes, Rita Saltnes, Gudveig Skjerve, Aslaug Sundsbø, Aud Sørli, Bernhard Sørli, Bjørn Thorson